Vendinga utover

Vendinga utover

Frankfurt: Tendensen i barnelitteraturen dei siste 11 åra har vore forteljingar orientert om subjektet. No rettar merksemda seg utover, mot verdsproblema, seier professor Ines Galling.

Professor Ines Galling er ansvarleg for tysk og skandinavisk barne- og ungdomslitteratur ved verdas største bibliotek for barnebøker, Internationale Jugendbibliothek i München. Kvart år publiserer biblioteket «The White Ravens»-katalogen. Her presenterer dei eit utval med to hundre innovative og ekstraordinære utgjevingar. Katalogen vart i år lansert på bokmessa i Frankfurt. Ines Galling sin norske favoritt er barneboka Syden av Marianne Kaurin.

Professor Ines Galling. Foto: Janne Karin Støylen
Professor Ines Galling. Foto: Janne Karin Støylen

– Korleis er det å vere fattig i eit rikt land? Noreg er ikkje lenger eit land der alt er likt for alle. Det er viktig at slike endringar i samfunnet vert tatt opp i barnelitteraturen.

Frå subjekt til samfunn

– No har eg lese dei norske og skandinaviske barnebøkene sidan 2008, i elleve år. Om eg skal peike på ein tendens, er det denne: Lenge var det forteljingane orientert om subjektet med massevis av eg-konflikter. No svingar pendelen utover, mot verdsproblema. Barnelitteraturen gjenspeglar samfunnet på fleire måtar, særleg ved at mange stemmer bidrar. Den multikulturelle moderniteten syner att i bøkene, forklarer Galling.

– Eg trur mange europearar ser på det kapitalistiske konsumet som noko typisk norsk. Nordmenn skal ha hytte her og hytte der. Skal de ut på tur må jakka koste fem tusen kroner, smiler Galling. – Hovudpersonen i Syden er 11 år. Denne jenta veit ikkje korleis ho skal forhalde seg til at dei ikkje har nok pengar heime. Den skambelagte levemåten kjennest som ei pinleg krise, historia fortel om skam, løgn og indre konflikt. Så lagar ho seg sitt eige rom – sitt eige «Syden», og klarer å gjere noko fint ut av det problematiske. Her skriv forfattaren om eit tema som har vore lite framme i dei norske barnebøkene. Forteljarstemma er truverdig og historia er godt fortalt. Syden er min favoritt mellom dei fem titlane eg fekk nominere til utvalet.

Alle finn sin plass

– Eg er også begeistra for Anna Fiske, og glad for at ho endeleg vert omsett til tysk. I år, når Noreg er æresgjest på bokmessa, er det mykje snakk om det norske litterære systemet og om litteraturpolitikken dykkar. Vi ser mange, nye kunstnarar i dei norske biletbøkene. Det er som om alle finn sin eigen plass, sin eigen originale stil, ingen kopierer kvarandre. Eg trur systemet støttar oppunder denne utviklinga, held Galling fram.

–Biletboka kan vere vanskeleg å omsette. Humoren er implisitt, den finst ofte i språkleg eller biletleg leik med uttrykk og klisjear, slik som hos Ragnar Aalbu. Ingen tyske forlag har gitt seg i kast med bøkene hans. Anna Fiske har også blitt sett på som litt rotete og rar, men faktum er at ho får tekst og bilete til å spele saman på ein heilt ny måte. Eg synst ho er skikkeleg spanande, og legg med glede merke til at Alle har en bakside går rett heim hos den tyske barnelesaren, seier Galling entusiastisk.

Bøker kan ha flaks

Marianne Kaurin deltok sjølv på verdas største bokmesse i Frankfurt. Kvifor skriv ho om fattigdom?

kaurin
Marianne Kaurin. Foto: Janne Karin Støylen

– Eg set meg aldri ned og skriv med ein klar tanke om kva eg vil med den eine eller den andre forteljinga. Etter kvart må ein stille seg spørsmålet, likevel: Kvifor valde eg å skrive om dette? Med Syden ville eg seie noko om fattigdom i Noreg. Det skal lite til for at du føler deg annleis i eit rikt land som vårt. Ferien er den ulitmate vindaugsutstillinga. Særleg vert dette vanskeleg med nye, sosiale media, der det er umuleg å gøyme seg.

– Eg skriv ikkje med eit mål om at lesarane mine skal lære noko. Mi drivkraft er å skrive slik at lesarane kan leve seg inn i forteljingane mine. Neste gong dei møter fattigdom eller antisemittisme, så har dei ei kjensle i kroppen av kva det vil seie å ha det slik. Om dei kjenner eitt menneske si historie, kan dei forstå korleis dette følest, for den det gjeld.

Kaurin er her mest for å snakke om si første bok for barn og unge, Nærmere høst, som tek utgangspunkt i deportasjonen av norske jødar under andre verdskrigen.

– Boka kom i 2012. I denne bransjen innstiller vi oss på at boka er parkert for den internasjonale marknaden, om det ikkje skjer noko i løpet av det første året. Men denne boka har levd sitt eige liv. Den har nok hatt litt flaks også. Plutseleg kan ei bok få nytt liv i eit anna land fleire år etter utgjevinga på originalspråket, smiler Kaurin.

Norsk litteratur viser seg fram

Nærmere høst er Kaurins hovudprosjekt frå forfattarutdanninga ved Norsk barnebokinstitutt. Ho fekk rettleiing av Helene Uri. Sakte, men sikkert vaks det fram eit manus. Mange er kritiske til at ein skal kunne utdanne seg til å bli forfattar. Det finst ein myte om at dei som går på skriveskule kjem ut heilt like i andre enden. Sjølv opplevde Kaurin at dei var ti svært ulike studentar, som fekk hjelp til å utvikle sine særpreg og styrker.

– Bokmessa i Frankfurt gjer meg optimistisk, eg blir så glad over å gå rundt i paviljongane, kjenne på entusiasmen og gleda over litteraturen. Tenk at så mange menneske kjem hit, for å sjå på bøkene og møte forfattarane. Det seier mykje om kor sterk interessa for lesing faktisk er.

– Norsk litteratur har fått ei fantastisk mulegheit til å vise seg fram, eg synst vi brukar den godt. Likevel er det ikkje alltid lett å flytte ei historie frå eit land til eit anna. Alle historier har sine eigne særpreg. I eit land der få dreg på ferie er ikkje tematikken i Syden aktuell, til dømes. Det kan vere greitt å minne oss sjølve på at vår norske rikdom ligg langt frå normalen. Eg er spent på den tyske omsettinga!

Nærmere høst skulle ut i USA hadde Kaurin eit tett samarbeid med omsettaren, som spurte etter dei minste detaljane: Kva låsar hadde dei på dørene der Ilse budde, korleis var oppgangen? – Det var gøy å hjelpe henne og kjekt å sjå kor godt resultatet blei når ho jobba så grundig.

Bibliotek som motsvar til nazismen

Temaet i Nærmere høst, antisemittisme og jødeforfølging, var også satsplanken for etableringa av barnebok-biblioteket i München i si tid. Det vart grunnlagt etter krigen, som eit motsvar til nazismen si indoktrinering av den unge generasjonen. Den tyske forfattaren og journalisten Jella Lepmann gjekk i bresjen for oppbygginga av biblioteket. – Ho må ha vore veldig sta og hatt eit sterkt pågangsmot, smiler professor Ines Galling. – Hennar idé var å samle barnelitteratur frå heile verda til ei utstilling, først. Ho stilte bøkene ut i opne hyller med fronten fram. Barn kunne gå rett bort til boka, sjå på den og ta den ut av hylla om dei ville. Dette var heilt uhøyrt i bibliotekverda, den tida.

The white ravens

– Dialogen med barn og unge om kva kunsten har å tilby oss menneske har vore ein berebjelke i arbeidet heile vegen, sjølv om vi ikkje arbeider ut frå didaktiske føremål. Nyleg feira vi 70-års jubileum. Neste år inviterer vi til «The White Ravens Festival for children´s and young adult literature» Vi tilbyr utstillingar og stipend, vi er opptekne av dei komparative perspektiva når vi vurderer søknader om studieopphald hjå oss, oppsummerer professoren.

Tettare samband i lita verd

– No har eg arbeidd i dette internasjonale barnebokmiljøet i ein tiårs-periode. Eg opplever det som stadig meir utfordrande å definere noko som «typisk». Overalt er det spanande og fine ting på gang, det skjer på ulike stadar og det skjer ofte samtidig. Det er vanskeleg å bestemme kvar ein ny tendens byrjar, og kvar den bevegar seg. Verda har vorte så lita, sambandet mellom folk og kulturar er tettare enn før. Det ser vi både i kunsten og i røynda, avsluttar Ines Galling i mylderet mellom tre hundre tusen besøkande bokelskarar frå heile den store, vesle verda i Frankfurt.

Se også Bøker som grunnlag for fred og toleranse, om Internationale Jugendbibliothek, Barnebokkritikk 14.12.2017.

 

Janne Karin Støylen