Venskap, kjærleik og brukte ting
Boktittel: Stella står i det
Forfatter: Helene Guåker
Illustratør: Oda Valle
Forlag: Samlaget
Årstall: 2025
Antall sider: 222
Sjanger: Barneroman
Livet i ein familie med dårleg økonomi vert skildra med mykje energi og optimisme i «Stella står i det». Kanskje er det nett ei slik bok vi treng no?
Helene Guåker sin ungdomsroman Stella står i det kunne ikkje ha kome ut på eit betre tidspunkt: I september var det stortingsval, og høgt opp på både veljarar og fleire av partia sine lister over viktige saker fann vi utjamning av sosiale skilnader. Tidlegare i haust kunne vi dessutan følgje Thomas Seltzer i TV-serien «Den norske fattigdommen». Her treffer vi mellom anna vaksne som opplevde ein barndom med lite pengar. Guåker si bok tar tempen på eit fenomen som vert stadig tydelegare og meir utbredt i Norge, nemleg det at nokre born veks opp i familiar med langt dårlegare økonomi enn andre. Sjølv om timinga er god, er ikkje boka den fyrste som er skriven om tematikken for unge lesarar. Ingeborg Arvola sine bøker om Buffy By og Kristine Rui Slettebakken sine om Billie og Bo er allereie kjent for mange. Og som i desse bøkene vert livet i Stella står i det òg skildra med mykje energi, og frisk forteljarglede. Guåker gir lesaren ei oppleving som både gjer inntrykk og på same tid er ganske underhaldande.

Velkomponert og optimistisk
Stella står i det er ein velkomponert roman for dei yngste ungdommane (9–12 år). Gjennom eit ganske enkelt plot får boka fram mange og viktige aspekt ved det å vere barn til ein åleineforelder som slit med sjukdom, og som ikkje har all verdsens av finansar å rutte med. Vi følgjer Stella på ti år, som snart skal fylle elleve. Ho lurar veldig på om ho kjem til å få ei fin bursdagsfeiring, eller om mor hennar kjem til å ligge sjuk med migrene – eller berre ikkje har råd til kaker, mat og ein presang til dottera. Stella uroar seg både for dette og for korleis andre ser på det livet ho og mora lever. Dei ulike bekymringane hennar og løgnene ho nokre gongar serverer klassekameratane, pregar mykje av boka. Men vi får òg lese om ei mor som ikkje let seg slå ut, og som berre ser løysingar. Ho driv med søppeldykking i konteinarar, finn etelege plantar ute i naturen, får ting gratis og sel dei vidare. Stemninga i denne boka er heile vegen positiv og optimistisk, og ei slik bok treng både vaksne og unge lesarar. Denne tematikken vert jo vanlegvis svartmåla ganske grundig i ulike medium. Det er ikkje slik at boka prøver å undergrave slitet ved å ikkje ha så mange pengar. Men ho er skriven på ein slik måte at lesaren (i alle fall den vaksne) kan reflektere meir rundt forholdet nordmenn har til pengar og forbruk i dag.

Humor og alvor i god harmoni
Men dette er jo ei bok for yngre lesarar, og sjølv om dei ikkje har det same refleksjonsgrunnlaget og -nivået som vaksne, er det mykje i denne boka som kan appellere til dei. Kapitla er korte, og den lette, til tider humoristiske stilen i forteljinga gjer ho medrivande og god å lese. Boka osar av språkleg kreativitet, og stemma til eg-forteljaren Stella gir forteljinga eit munnleg preg. Stella lagar artige lister over både det eine og det andre, skriv eventyr med alternativ slutt, og sanneleg får vi ikkje ein heilt ny versjon av den norske nasjonalsongen òg. Guåker skriv om slikt mange kan kjenne seg att i, som venskap, forholdet mellom vaksne og born og det å ikkje vere som «alle andre». Guåker har gjeve Stella ein antagonist i Sofie, ei jente i klassa som får alt ho peiker på, men likevel ikkje er særleg grei eller lukkeleg. Dette grepet gjer klassemotsetnadar tydelege for dei yngre lesarane. Den «slemme, ulukkelege, rike jenta/guten» er kanskje ein stereotypi, men i denne forteljinga funkar det fordi han ikkje tek altfor stor plass.
Dei alvorlege aspekta i forteljinga er òg fint forklarte for dei unge. Boka gir til dømes ei grei forklaring på og skildring av kva det vil seie å vere ufør. Kanskje kan boka bryte ned nokre fordommar mot denne gruppa av vaksne. Boka gir òg ei god forståing av at Stella er redd for både barnevern, billettkontrollørar på buss og tog og for om mor hennar kanskje stel innimellom. Med enkle grep viser forteljinga ulike sider ved det å ikkje ha materiell overflod i eit land der mange har nett det (noko vi vaksne kallar relativ fattigdom, og som det er mest av i Norge). Boka har elles nokre spreidde svart-kvit-illustrasjonar signert Oda Valle. Dei er fine, men er eigentleg ikkje naudsynte, for denne historia framstår allereie som svært levande slik ho er skriven.

Det viktigaste i livet
Stella står i det er ei bok som vil seie noko om kva som er det viktigaste i livet. Og det er ikkje pengar, men heller venskap, kjærleik og omsorg. No er det ikkje alle ungar som har ei så positiv og oppegåande mor som Stella, og som får høyre like ofte at nokon er glad i ho. For sjølv om kjærleik ikkje kostar pengar, så er det likevel ikkje alle som har moglegheit eller evne til å gi så mykje som det mor til Stella gjer. Det kan òg vere verdt å hugse på.
