Tittel: Dagen vi drømte om
Tekst: Bjørn Arild Ersland
Illustratør: Lilian Brøgger
Forlag: Cappelen Damm
Årstall: 2013
Antall sider: 90

Venteromsfrustrasjon no!

Dagen vi drømte om plasserer lesaren på venterommet i ei postapokalyptisk verd som held korta tett til brystet. Men er det ei god ungdomsbok?

Lukas, Adam og Lalah har budd på mottaket i 3 år. Dei har gjort alt rett og fått stjerner i margen, men manglar stadig den siste og avgjerande sjekken. Då det endeleg går i orden, ber det ut i eit aude landskap: Forlatne leirar, knuste ruter og nedlagde togspor mot det som har vore hovudstaden. «Togene og de endeløse køene av biler var borte for lengst. Linjene pekte mot et punkt som ikke lenger fantes. (38)»

Noko har skjedd, men lite blir utdjupa. Mottaket verkar vere den institusjonen som fungerer best i denne verda: eit permanent venterom i øydemarka som durar og går utan at vi heilt skjønar korleis.

Barneleiren

Dagen1

Underskriftssanking: Det skal mykje til for å gjere leiinga ved mottaket til lags.

Vårt første møte med mottaket er med avhøyrsrom og høge murar, med grønkledde militære som kryssar av nye born på ei liste og delar ut sengklede og tannkostar. Borna dusjar i kø og sit i endelause køar utanfor kontor for å samle underskrifter i ei mappe. Elles er det er lite å gjere bortsett frå å vente. Nye born kjem kvar veke, andre får gå, med kart ut i det ukjende.

Mottaket er som ein slags militærleir der born sit inne og dei vaksne handhevar eit sett ukjende reglar. Slik sett minner boka om danske Lejren av Oskar K og Dorte Karrebæk (2011). Der er barndommen framstilt som ein konformitetens konsentrasjonsleir styrt av vaksne i klovnedrakter. Den er depersonalisering sett i system: borna blir nummererte, barberte og kledd i identiske kjortlar, der dei ligg tett i tett i brakker med blomsternamn. Dei som stikk seg ut forsvinn, resten av massen går i overlevingsmodus. Det er eit symbolladd og dramatisk sirkusmareritt som er vanskeleg å ta auga frå. Barnebok? Neppe. Og nettopp det er visst eit vanleg tema når ein diskuterer bøkene til K & Karrebæk.

Grenseutprøving

Det same har vore tilfelle med ein del av Bjørn Arild Erslands biletbøker. Både separasjonen frå mamma in space i Det første barnet på månen (2009) og jenteliket i Glassklokken (2010) har hatt sine kritikarar. Bøkene har ein uggen, dyster undertone, og tema som vekkjer diskusjon om dei eigentleg passar for ungar. «Det skal være farlig å stikke hånda ned i en kasse med bildebøker», var Ersland sin respons på ein barnebokkonferanse i Stavanger for eit par år tilbake. Og kva så med Dagen vi drømte om? Bit den handa av deg?

For kort

Dagen3

Tett: Illustrasjonane er ofte plasserte i ruter med klaustrofobiske utsnitt.

I denne boka er målgruppa heva til ungdomsskulen: forlaget tilrår den for lesarar på 12–16 år. Denne «gjennomillustrerte fabelen» har ganske lite tekst på kvar side for å vere ei ungdomsbok, og vekslar hovudsakleg mellom heilsides illustrasjonar og enkeltruter. Karakterane er utførte i naiv pennestrek, fargane i dempa militærgrønt og grått med skarpe raude kontrastar. Illustrasjonane er barnlege og småskumle om kvarandre – teksten kort og konstaterande.

Kan biletbokformatet – og kombinasjonen av tekstmengde og stil – her verke mot boka, og gjere at den fell mellom to stolar? Omtalane frå dei 14 niandeklassingane som har lese boka i samband med Uprisen kan tyde på det. Sjølve hevdar dei boka passar betre for born på mellomtrinnet – ja, bortsett frå innhaldet, då. Anten det, eller så er den for kjedeleg, rar, kort eller lettlesen. Her er det ingen kjære mor.

No treng ein ikkje satse alle korta på ungdomsjuryen, og ynsket om meir tekst fordi det er slik ei ungdomsbok ser ut. Men eg lurar litt likevel: Korleis hadde boka sett ut om vi hadde lete dei naivistiske barnebokkarakterane ligge denne gongen? Hadde den gjort seg som dyster teikneserieroman? Eller som ei fyldigare ungdomsbok, med ein tekst som gir lesaren litt meir enn ein antydande veslefinger?

Skylappar på

Forholdet mellom verbalteksten og det visuelle narrativet er likevel ganske interessant, spesielt når dei to gnissar mot kvarandre. Som lesarar av teksten er vi bundne til Lukas sitt perspektiv – teksten er hans skriftlege forklaring til leiinga på asylmottaket. Illustrasjonane har ei friare kameraføring, men også her er synsvinkelen vår noko avgrensa. I dei mest dramatiske scenene går framstillinga over i stumme teikneseriepassasjar som viser handlinga i korte glimt. Her står teksten utanfor bileta, som ei parallell framstilling som skurrar litt – og stiller spørsmålsteikn ved kor truverdig Lukas er som forteljar.

Kjenslemessig allegori

Framstillinga av asylmottaket i Dagen vi drømte om er barnemat i forhold til Lejren – sjølv om den brutale tannlegescena som utgjer spenningstoppen i boka hausta kritikk frå Ingeborg Mjør i hennar omtale av boka i Dag og Tid. Koplinga mellom asylmottaket og tortur er vanskeleg å lese som ein gjevande parallell til vår verd – men det er heller ikkje der historia finn stad. Scena verkar ha meir føre seg som eit horrorelement enn eit forsøk på samfunnskritikk, og slik sett fungerer den. Valden verkar absurd, vilkårleg, men òg systematisk – og vert endå tydelegare i ei visuell framstilling. Men såpass skal vel ungdomsboka tåle?

Dagen2

Aude: Verda utanfor er heilt tom, men det legg visst ingen dempar på humøret.

Mykje i Dagen vi drømte om handlar om å halde tilbake informasjon – i det usagte, uvisse og uforståelege. Og kjenslene det framkallar kan lett koplast til flyktning- og asylsituasjonen: frustrasjonen, maktesløysa, den tilsynelatande endelause ventinga, byråkratiets rustne tannhjul. Dei urovekkande hendingane utanfor mottaket er mest skremmande fordi vi ikkje heilt forstår kva som skjer, og kva i alle dagar det har med mottaket å gjere. Kva skjer i verda utanfor? Kor mange andre mottak er der? Kven er det eigentleg som trekk i trådane, og kven kan vi stole på?

Tilbakehalden

Det er denne mangelen på informasjon som skapar den klamme stemninga i boka, og samtidig vekkjer lesarens frustrasjon. Ein har heile tida ei kjensle av at det ligg noko meir bak, eit system av noko slag, men det ligg utanfor vårt synsfelt. Det er irriterande, men det er òg litt av poenget. Kan hende er boka meir som ein sci-fi film der ein helst ikkje bør pirke for mykje i mekanikken bak, men late seg suge inn i verda og stemninga. Så lenge kulissane verkar solide, kan eg vere med på leiken.

 

 



Skrevet av:
Ingen kommentarer.

Legg igjen en kommentar

Legg inn din meaning her. Vær hyggelig. Din e-post vil holdt anonym.