Vindskeiv økofabel

Coverbilde "Jotten, Jotto og Larsen"

Boktittel: Jotten, Jotto og Larsen og problemet med fastlegen

Forfatter: Marianne Gretteberg Engedal

Illustratør: Marianne Gretteberg Engedal

Forlag: Samlaget

Årstall: 2026

Antall sider: 56

Sjanger: Bildebok

Multikunstnar Marianne Gretteberg Engedal vender tilbake til den humoristiske alvorsforma ho meistrar så godt.

Eit artsmangfald av soppar rammar inn omslaget til «Skinkeape» sitt nyaste verk: biletboka Jotten, Jotto og Larsen og problemet med fastlegen. Rollegalleriet er vel så allsidig, med ubestemmeleg kjønn og alder på dei fleste – inkludert hovudpersonane sjølve. Lesarens rom for identifikasjon er med andre ord stort.

Forfattar og illustratør Marianne Gretteberg Engedal har sidan debuten med Polititjuven (Samlaget, 2019) brukt biletbokformatet til å synleggjere og normalisere eit breitt spekter av kroppsfasongar, kjønnsuttrykk og identitetar. Slik er det også her, med innslag av til dømes transpersonar allereie på side to. I den nye boka utvidar forfattaren det politiske engasjementet sitt til å famne problemstillingar kring overforbruk og ressursmangel. Resultatet er ein original og medrivande økologisk fabel, full av friske skråblikk.

Illustrasjon av dei tre hovudpersonane som kjem heim frå sopptur utan sopp.

Kamp om ressursar

Tittelfigurane Jotten, Jotto og Larsen lever, til liks med resten av bygda, av å dyrke, sanke og ete sopp. Fyrste innlegg i boka viser oss denne lukkelege grunntilstanden, før mysteriet tar til. Tilliten i lokalsamfunnet rasar saman når naturressursen over natta blir borte. Hovudpersonen Larsen undrar seg over om det kan være virus, eller endatil eit monster som står bak, men Jotten og Jotto meiner «det vert for dumt». Før den truskuldige hundekvalpen med smultringskjegg får fylgd tankerekkja si vidare, får han urettmessig sjølv skulda for problemet. Ironisk nok føregrip Larsens teori heile handlinga. Noko monstrøst har hendt.

Som undertittelen indikerer heng problemet saman med fastlegen. Bygdas eigen lege har nemleg gjort eit bomkjøp på internett – og fått seg ein framand rasekatt i hus. Når hen feilaktig matar katten med sopp, veks det nye problemet seg stort (denne katten er grasetar, må vite). Hendinga får fatale konsekvensar, med ein rosa katt ut av proporsjonar og tilbakevendande jordskjelv. Skrinne soppåkrar var berre den spede starten på krisa. Snart siv det fram stinkande metangass frå under bakken.

Illustrasjon av rosa katt med fire auge som motvillig eter sopp.

Gåter med og utan svar

Engedal legg inn både små og store gåter i handlinga. Fleire av dei får henge lenge i lufta – som fiselukta utan synleg avsendar. Det vil seie, den rosa bakken er eit tydeleg hint om noko som bør studerast. På omslaget rir Jotten, Jotto og Larsen på ei slags rosa sky. Denne nøkkelscena får ei grei forklaring i det bakerste innlegget.

Trioens interne dynamikk tar tid å forstå. Jotten og Jotto kan ein tenkje seg er Larsens adoptivforeldre, men om dei er menn eller kvinner får ingen vite. Forfattaren er sparsam med hinta, og legg inn fleire forvirrande «feller» – som at barnefiguren ber smultringskjegg og kan hende er vaksen? Først i ei kjøkkenscene med Larsen sitjande på den ikoniske barnestolen Tripp Trapp (Peter Opsvik, 1972) får ein tak på familiekonstellasjonen. Kjøkkenscena inneheld mange gode hint – og alluderer interessant nok til ei liknande nøkkelscene frå Brynjulf Jung Tjønns biletbok Kva tenker du på? (Samlaget, 2025), illustrert av same Engedal. Dei tause tablåa i skogen har ein svært lik palett i begge desse bøkene – med rosa lys og blå skuggar. Pinnestolane på kjøkkenet er også dei same.

I det heile tatt gøymer det seg mange oppdagingar i detaljane. Glimtet i auga til Larsen er til dømes forma som eit hjarte – vel å merke når han et mat. På ei av sidene har forfattaren teikna inn den Brageprisnominerte sakprosaboka si Fugler du kan ha møtt (Aschehoug, 2025).

Illustrasjon av fastlegen som bandasjerer hovudet til Larsen

Humor og alvor

Engedals biletbøker er på sitt beste når ho vel å inkludere humor, slik ho har gjort med bravur i bokserien om tjuven Kjell (2019–2023). Situasjonshumoren i den nye boka er god, ikkje minst når det gjeld dei talande sideblikka mellom figurane – som gjerne avslører meir enn teksten. Teikningane gjer denne boka rik og unik. Sjølve fabelen er også god.

Mest av alt peikar Engedal på at store samfunnsproblem heng saman på komplekse og kompliserte måtar. Det er også eit poeng i boka at det monstrøse skuldast menneskeleg svikt. Løysinga på problemet er heldigvis innan rekkevidde. Ved hjelp av godt gamaldags samarbeid får Jotten, Jotto, Larsen og legen snudd situasjonen.

Første innlegg viser ein utopi, med lukkelege innbyggjarar i respektfullt samkvem. Det siste innlegget viser ein meir avansert utopi, med karakterar som evner å ta det store problemet på alvor. Saman viser dei veg for framtida.

Stilistisk grafikk av Egon Låstad som viser voksen & barn som leser en bok.

Egon Låstad

Født 1979. Kritiker, designer og kurator. BA i grafisk design fra UCA. Årsstudium i Arkivkunnskap fra UiO. Jurymedlem i Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok. Kritikerfadder for U-prisen. Prosjektleder for www.illustrertejulekort.no