Vinje, Aasmund Olavsson: Lenda frå Land

Vinje, Aasmund Olavsson: Lenda frå Land

Lenda frå Land

Aasmund Olavsson Vinje

Fra A.O. Vinjes Beste
Blandkorn, 1867

Rønnaug Kleiva, forfattar

Blandkorn

1867

Med utgangspunkt i leseopplevinga frå barndommen Eg veit eg må ha blitt lese for då

Med utgangspunkt i leseopplevinga frå barndommen

Eg veit eg må ha blitt lese for då eg var barn, men eg hugsar det ikkje. Då den tida kom at eg skulle lære meg å lese sjølv, var eg lite interessert. Eg ville heller gjere som eg stort sett alltid gjorde – eg ville teikne. Eg hugsar heller ikkje kva eg las av barnelitteratur etter at eg hadde lært meg å lese, men det må ha vore ein del, for det var etter måten mykje bøker hos oss, også frå biblioteket. Men Lenda frå Land hugsar eg.

      Sjå no skal du høyra om Lenda frå Land,
      og om hennar fagraste folen.
      So sant som eg seier, av soga er sann

kver einaste mutten og molen.

Aasmund Olavsson Vinje sitt dikt om Lenda frå Land stod i Nordahl Rolfsen si lesebok frå folkeskulen og fanst i huset.
Eg veit ikkje om diktet er meint for barn eller vaksne, men det fungerer godt for begge grupper. Ein kan slik seie at det høyrer til det som no vert kalla allalderlitteratur.
Vi følgjer ei merr og folen hennar som dreg til fjells. Der går dei seg til slutt inn i ei vik det er uråd å kome bort frå utan å symje eit godt stykke. Det vågar dei ikkje. Dei et det graset som finst, så døyr folen.

      Dei åto så lenge der fantest eit strå,
      og svart dei i kring om seg snøydde.
      Men folen var barnet, og svolten drog på,
    so der ifrå mor si han døydde.

Mora sørgjer over folen, men vert til sist berga:

      So kom der ein båt i den djupaste naud,
      og svint inn i svingen han smurde.
      So frelste dei Lenda som nær på var daud
    og stod over son sin og sturde.

I mi førestillingsverd har eg truleg identifisert meg med folen og nok endra ein del på fakta i diktet. Det viser den teksten som kjem, som er skriven med utgangspunkt i leseopplevinga frå barndommen. Såleis er det eit døme på korleis kjensler, tankar og oppfatningar hos lesaren kan blande seg med røyndommen, i dette tilfellet teksten, slik at ein ikkje er i stand til å skilje, anten lesaren no er barn eller vaksen. I utdraget les hovudpersonen for veslesøster si.

      Eg skal lese for deg, seier eg. Vi set oss i skapet, og ho kryp inntil meg. Eg skal lese Lenda frå Land, seier eg. Ho skrik. Nei, seier ho, det vil eg ikkje. Eg byrjar lese. Ho tek tommelen i munnen.
      Der er eit vatn. På den eine sida av vatnet er beitet, der er grønt. Der går ei merr med folen sin. Dei beiter roleg. Veret er bra.
      På den andre sida av vatnet er det eit bratt berg. Det er mest uråd å gå dit bort. Midt mellom svaberga og urene er der ei grøn mark. Ho er irrgrøn og våt, mat og drikk i eitt.
      Merra søv. Folen ser på det grøne. Det er freistande. Han prøver å nærme seg. Han tek seg sakte framover. Han et, graset er godt, han gløymer seg.
      Han prøver å gå tilbake. Det går ikkje. Han hugsar ikkje kvar han gjekk, og han finn ikkje nye vegar tilbake. Han torer ikkje prøve å symje vatnet. Det er langt over, og dessutan iskaldt. Der ligg framleis små isflak.
      Han står og ser på mor si. Ho ser på han og legg seg deretter til å sove. Det er kveld. Folen legg seg i det grøne. Det tek til å bli avbeitt.
      Neste dag prøver han å finne tilbake, men greier det ikkje no heller. Han et av det grøne graset. Han ser over på mora. Ho ser på han av og til, beiter og søv.
      Etter nokre dagar er det ikkje meir gras igjen. Han står berre og ser. Han vert trøytt. Han må ligge heile tida no. Han ser fjernt mora. Han har ikkje krefter til å rope.
    Ingen ting skjer.

Vi takker Norsk barnebokinstitutt for avbildingen av illustrasjonen. Den fins i deres samling.

Rønnaug Kleiva