Tittel: Kakerlakken med den stygge frakken
Tekst: Martine Grande
Illustratør: Martine Grande
Forlag: Samlaget
Årstall: 2013
Antall sider: 32

Vintertankar i trygge rammer

Kakerlakken med den stygge frakken… og hovudet fullt av triste tankar er ei bok med eit klårt bodskap om einsemd, venskap og tunge tankar. Boka er eit godt utgangspunkt for å snakke om depresjon med barn, og ein jamt over fin bokdebut.

Bok og film

Martine Grande står bak både tekst og illustrasjonar i boka. Ho er utdanna animatør ved Høgskulen i Volda, der ho driv animasjonsselskapet Grande Produksjon. Grande har òg stått for den animerte versjonen av Jakob og Neikob av Kari Stai (2012), og eksamensfilmen Mein Stampf or the Danceshow of the Last Century (2007).

Kakerlakken med den stygge frakken er biletbokdebuten – og hennar tredje kortfilm. Filmversjonen hadde premiere på Filmfestivalen i Haugesund og NRK Super i august, samtidig som boka kom ut på Samlaget. Som ein kan vente i ei slik parallellutgjeving, ligg boka og filmen tett opp mot kvarandre, og det er førstnemnde som er i fokus i denne omtalen.

Korleis overvintre som kakerlakk

Boka tek opp tunge tankar og depresjon hos barn gjennom ei kakerlakkjente med «vintertankar». Om sommaren er alt berre fint, men når hausten kjem vert både kakerlakken og verda mørk og trist, og ho må ta på seg den stygge vinterfrakken som klassekameratane plagar ho for.

Kakerlakken1

Illustrasjonane er pene, men ikkje tannlause – dei har til tider svært dystre tonar.

«Vinteren tek ofte knekken på småkryp», det veit ho, og kanskje spesielt kakerlakkar. Berre markkakerlakken lever fritt i Noreg og kan overleve den norske vinteren. Andre importerte artar må finne seg eigna overnattingsplass innandørs for å klare seg – eller ei ekstra stygg vinterjakke, kanskje?

Kakerlakken håpar nordlyset kan ta ho med vekk frå den kalde kvardagen til lys og varme. Ho går til doktoren, som serverer ho og mamma ord som vintertankar, haustredsel og depresjon. Men problema hennar verkar òg vere knytte til meir enn årstidene, og det noko omdiskuterte fenomenet vinterdepresjon. I filmversjonen får vi følgjande respons på doktoren sitt forslag om at ho lid av «haustredsel»: «Men ho er ikkje redd for hausten, ho er berre redd.» På skulen ler dei andre av ho og kallar ho ein einsam ulv. Kanskje er det ikkje berre vêret kakerlakken mislikar med hausten – men òg byrjinga på skuleåret?

Ein reddande engel

Einsemd og kjensla av å vere åleine med slike tankar er viktig her, og kakerlakken møter til slutt ein nattsvermar som òg har hatt sine tunge stunder. I han finn ho ein ven og likesinna som gjer ho merksam på alle lysa i vintermørket – både i konkret og overført tyding. Viss ein ser dette i samband med vinterdepresjon er det vanskeleg å unngå at tankane går i retning lysterapi, men det er neppe hovudpoenget.

Historia om den einsame kakerlakken og nattsvermaren opnar for samtale og refleksjon rundt triste tankar – frå daglegdagse opp- og nedturar til meir alvorleg tungsinn. Boka er då òg gitt ut med støtte frå Rådet for psykisk helse. I Håret til mamma (2007) av Gro Dahle og Svein Nyhus vart mors depresjon framstilt i form av flokete hår. I Kakerlakken med den stygge frakken er årstidene og lyset markørar for sinnstemningar. Sommar mot haust. Lys og liv, fargar og leik mot mørke, død, tomheit og tunge tankar. Svingingane i humøret er utvilsamt knytte til årstidene, men dei famnar breiare enn vinterdepresjon.

Tydeleg og trygt

Som bodskapen i boka er illustrasjonane tydelege og lette å lese – sjarmerande konturteikningar i ein grøn, brun og gul palett som lettar stemninga i den elles melankolske boka. Bruken av kakerlakkar og nattsvermarar som karakterar gjer også framstillinga hakket lystigare. Dei digitale illustrasjonane kjennest trygge og gode, omkransa av ein blyantstrek som er akkurat skakk nok til å ikkje bli for keisam. Når det er sagt, kunne eg ynskje meg større variasjon i ansiktsuttrykk og perspektiv. Mange av oppslaga viser ein molefonken kakerlakk i heil eller trekvart profil, og dette gjev tidvis eit noko statisk inntrykk.

Kakerlakken3

Nokre oppslag verkar litt tomme og statiske.

Tomheita kjem snikande

Både poenget ovanfor og det sterke karakterfokuset i illustrasjonane meiner eg delvis har å gjere med boka si kopling til animasjon. Omgivnadene skildrast knapt med mindre dei har ein funksjon i handlinga: stolen kakerlakken sit på på legekontoret, huset ho går ut av. Ofte vandrar ho rundt på sider som er så godt som tomme.

Dette kan lesast som eit forteljarteknisk grep som kjem endå klarare fram i animasjonsfilmen: verda rundt bleiknar når hausten kjem, eller kakerlakken mister evna til å sjå henne. «Tomheita kjem smygande som ein listig tjuv». Fargane, lyset og substansen i verda vender ikkje tilbake før i slutten av boka, og først når ho blir minna på at dei er der. Men sjølv om denne tomheita har sin misjon, gjer den det òg vanskelegare å leve seg inn i verda til kakerlakken.

Velkjend historie

Historiemessig følgjer Kakerlakken med den stygge frakken eit velkjend mønster: ein outsider har det vanskeleg og kjenner seg annleis, men finn til slutt ein ven. Boka har ein klar moral, misjon og bruksområde, og vil kunne fungere godt som grunnlag for samtale mellom vaksne og barn. Samtidig kan nettopp det alvorlege temaet vere med på å avgrense dei største kunstnariske krumspringa, og føre til at ein trør litt varsamt.

Kakerlakken2

Teksten får mykje plass på sida, og brukast ofte som eit visuelt element som etterliknar rørsle.



Skrevet av:

, ,

Ingen kommentarer.

Legg igjen en kommentar

Legg inn din meaning her. Vær hyggelig. Din e-post vil holdt anonym.