Ytringar om grenseland

Ytringar om grenseland
Foto: Bergen Offentlige Bibliotek

Se og Les-konferansen tok opp i seg utfordringar i samtida, men var tidvis noko konfliktsky og nærsynt.

9. og 10. februar blei Se og Les-konferansen arrangert i Bergen for andre gong. Første gong – i 2014 – gjekk konferansen over tre dagar, medan arrangørane i år tok til takke med to, og samla ei rekkje effektive og aktuelle programpostar i fleire sjangrar: munnlege essay og meir vitskaplege føredrag, forfattarintervju og panelsamtalar, samt mindre innslag med opplesingar og musikalske framføringar. Programmet var både variert og forseggjort.

Konferansen er ein samlingsstad for fagmiljøet, og såleis også ein god stad for å ta temperaturen på barne- og ungdomslitteraturfeltet – ikkje minst for å sondere terrenget etter endringar i kva slags tematikk og problematikk ein interesser seg for. Står barnelitteraturen midt i samfunnsutviklinga, og lèt seg prege av endringane der? Eller snakkar vi om det same som vi alltid har gjort? For å føregripe ein konklusjon: Temperaturen er høg – men i den forstand at entusiasmen for litteraturen er stor, heller enn at gnissingane mellom ulike meiningar fører til raude kinn og hissige diskusjonar. Utfordringane i samtida er godt spegla i faglege interesser, men sjeldan krangla om. No er krangling knapt eit mål i seg sjølv, men dette fagmiljøet kan likevel nyte godt av meir konfliktorientering.

Ytringar i grenseland

Tema for den første konferansedagen var «ytringar», og for den andre «i grenseland». Eg har lært å leggje saman, og tek det såleis for gitt at ei målsetjing for dei to konferansedagane også har vore å seie noko samla om «ytringar i grenseland», altså om den barne- og ungdomslitteraturen som pressar seg mot eller overskrid grensene for det born og ungdom kan tåle, eller kanskje like rett: mot grensene for det vi vaksne kan tåle på deira vegne.

Slik sett opplevde eg Bergensordførar Marte Mjøs Persens opning av konferansen som litt, kva skal ein seie, på sida av saka? Ho valde å halde ein liten lovtale til litteraturen, og framheva dei gode, oppbyggjande eigenskapane den utvilsamt kan ha. Litteraturkritikaren i meg reagerer nærast på instinkt når litteraturen blir presentert som i utgangspunktet vakker, rik og karakterbyggjande, og under konferansens tema tenkjer eg at det ville vere rettare å framheve litterære ytringar som ikkje alltid harmonerer, som ikkje naudsynleg garanterer noko, men som bevegar seg utover grensene og inn i det ukjende. (Slik litteratur – som sjølvsagt tek høgst ulike former – var representert på konferansen, mellom anna ved Hans Sande, som samtala med Bjørn Arild Ersland om sine støyt mot ytringsgrensene.)

sande
Hans Sande i samtale med Bjørn Arild Ersland. Foto: Bergen Offentlige Bibliotek

Men det er mange måtar å krysse ei grense på, noko mellom andre Simon Stranger viste i sitt munnlege essay. Stranger snakka om skrivinga som ein metode for å krysse eigne grenser – som ein måte å miste seg sjølv og kanskje nå fram til andre på. Både han og Maja Lunde snakka om den litterære røysta som eit middel til innleving og til å skape empati for andre – men også som ein reiskap til å bere ei ytring. Lunde følte ho måtte innrømme at ho faktisk ynskjer å ytre noko med litteraturen sin, at ho vil meine noko og formidle denne meininga. Både Lunde og Stranger – som jo absolutt må seiast å skrive samfunnskritisk litteratur – kunne gjerne delt fleire tankar om dei kritiske aspekta ved litteraturen sin. I alle fall etterlèt dei interessante spørsmål, som konferansen aldri fekk utdjupa skikkeleg: Finst det særskilte politiske grenser for barnelitteraturen? Kvar går dei? Se og Les-konferansen presenterte fleire ytringar om enn ytringar i grenseland.

Politisk kritikk

Åse Kallestad gav eit bidrag med sitt føredrag om «Sug, smak og leselyst – Et jenteblikk på paratekster og leselystaksjoner». Ho kritiserte kjønnsframstillingane på ei rekkje omslag til leselystantologiar – der gutar ofte er framstilt som aktive og jenter som passive – og understreka at gutane lid like mykje som jentene under dette.

Åse Kallestad. Foto: Bergen Offentlige Bibliotek
Åse Kallestad. Foto: Bergen Offentlige Bibliotek

Aksjonane prøver febrilsk å skape leselyst, men trør stundom over nokre grenser når dei tilpassar paratekstane til kjønnsstereotypiar som rår blant barn og unge. Aukar vi leselysta på kostnad av noko anna, noko viktigare, spurde ho, og påpeika såleis at ikkje berre marknadskreftene, men også vi som jobbar med barne- og ungdomslitteraturen bidreg til å innskrenke kjønnsrollene for barn. Sjølv om ein kan hevde at marknadskreftene faktisk er den største syndaren her – dei legg føringar som oftast synest uoverstigelege – er det ei viktig, sjølvgranskande påpeiking som fagmiljøet bør ta med seg vidare i formidlingsarbeidet. I biblioteket der eg no sit og skriv, har bibliotekarane plassert utgåtte gratisbøker i tre bokser, merka med «gutar», «jenter» og «gutar og jenter» (ja, eg har allereie tatt dette som ei oppmuntring til sivil ulydnad, og laga krøll i systemet).

Teknologi

Eit anna tema som naturleg melde seg fleire gonger under årets konferanse var teknologien, og dei mange utfordringane og moglegheitene den fører med seg inn i litteraturen. Forfattaren Stein Erik Lunde snakka om problema han fekk med forfattarskapen sin etter at iPhonen dukka opp. Lunde meinte rett og slett at han ikkje hang med på barna sin teknologibruk lenger, og at det difor har blitt vanskelegare for han å plassere forteljingane sine i samtida. Sjølv undra eg meg over at det er mobiltelefonen som er det største problemet her. Kanskje er den først og fremst noko å gripe tak i – eit svært konkret uttrykk for ein større, meir uhandgripeleg tendens? Problemstillinga kan i alle fall forståast som ein variasjon over eit av barnelitteraturens kjerneproblem: Korleis leve seg inn i og formidle til og frå ein posisjon som er så annleis den vaksne forfattarens?

Etter mitt syn reflekterte Lene Ask rundt ei minst like interessant følgje og utfordring ved den teknologiske utviklinga, når ho oppmoda om å ta biletboka på alvor. Freidig plasserte ho vår generasjon i kategorien «visuell analfabet», og fekk såleis framheva at barn og unge i dag – og ikkje minst i tida som kjem – vil sitje på ein heilt annan visuell kompetanse enn dei eldre generasjonane.

Kva slags moglegheiter følgjer med denne visuelle kompetansen – estetisk, etisk og politisk? Her stilte Lene Ask nokre spørsmål som ikkje berre fanga inn tida og samfunnet vi lever i, men som også peika ut nokre vegar vidare.

Mellom grunnlagsproblem…

Mitt inntrykk frå konferansen er at fagmiljøet har både mot og vilje til å ta innover seg utfordringane som melder seg i samtida – både gjennom den teknologiske utviklinga og gjennom samfunnsutviklinga elles. Likevel opplevde eg samla sett perspektivet som litt konfliktsky og samstundes noko nærsynt, i den forstand at konferansen fokuserer mykje på konkret formidlingsproblematikk (i tillegg til tematisk påfyll til formidlinga), og stundom gløymer å problematisere det som kjem før formidlinga: Kva er og gjer barnelitteraturen i vår tid? Kva kan den vere og gjere? Kva slags grenser går mellom barne- og vaksenlitteraturen? Ser dei annleis ut no enn før? Det dukka rett nok opp svar på slike spørsmål, og det er kanskje uansett ikkje spørsmål ein bør setje av for mykje plass til, all den tid bibliotekarar og lærarar også treng meir matnyttig påfyll til formidlingsarbeidet sitt. Eg trur likevel ein slik konferanse i større grad kan ta på seg oppgåva med å reflektere rundt og klårgjere slike grunnlagsproblem.

… og nytenking

Ein illustrasjon av det nærsynte kan vere den låge andelen internasjonal litteratur i programmet – og då tenkjer eg særleg på den utanlandske litteraturen som ikkje er omsett til norsk. Kva skjer i Frankrike om dagen? Enn i Tyskland? For ikkje å seie Japan eller Egypt? At born oftast berre les på morsmålet, er sjølvsagt ein god grunn til at interessa for utanlandsk litteratur er mindre i det barnelitterære feltet enn i vaksenlitteraturen. Men i aukande grad har norske born (og foreldre) andre morsmål enn norsk, og eg tenkjer uansett at ein slik konferanse først og fremst er staden for fagleg utvikling – og at impulsar frå andre språk og land er uvurderlege i denne utviklinga. Det var utvilsamt viktig og riktig at Se og Les-konferansen tok føre seg kulturskilnader og kulturelt mangfald i Norge. Kunne ein også hatt godt av å orientere seg meir i dei framande kulturane sjølve?

Ein annan illustrasjon kan vere måten konferansen behandla klimakrisa på. Det var relativt få programpostar som tok opp problematikken, noko som for så vidt er greitt: Økokritiske perspektiv treng ikkje naudsynleg eigne programpostar, men bør bakast inn i måten vi snakkar om det meste anna på. Eg mistenkjer at det ikkje var vilkårleg at eg samstundes høyrde lite om framtidsskildringar og dystopiar på denne konferansen, og får lyst å spørje: Må verkeleg litteraturen vere apokalyptisk for at born skal kople seg på klimaproblematikken? Etter mitt syn treng litteraturen på ingen måte å handle om klimakrise og naturkatastrofar for at vi skal løfte fram det økokritiske potensialet i den. På dette feltet synest barnelitteraturformidlinga å kunne ha godt av nytenking, og slik sett var det lovande å høyre at Espen Iversen – ein av masterstudentane ved Høgskulen i Bergen som presenterte arbeidet sitt – arbeider med ei masteroppgåve om Constance Ørbeck-Nilssen og Akin Düzakins Hvorfor er jeg her? i eit slikt økokritisk perspektiv. Forskingsprosjektet NaChiLit (Nature in Children’s Literature – Shaping children’s environmental awareness) blei sparka i gang ved Høgskolen i Bergen i 2015, og det er berre å håpe at den neste Se og Les-konferanse lèt seg prege djupt og grundig av det.

Eg håper også at den neste konferansen inkluderer endå fleire føredragshaldarar som Åse Kallestad, som vågar vere kritisk til det som føregår i fag- og formidlingsmiljøet. Det har vi alle godt av.

 

publikum
Konferansepublikumsstemning. Foto: Bergen Offentlige Bibliotek

 

Eivind Myklebust

One thought on “Ytringar om grenseland

Comments are closed.