Ikkje på god fot med livet
Boktittel: På ein skala frå ein til ti
Forfatter: Ann Helen Kolås Ingebrigtsen
Forlag: Samlaget
Årstall: 2025
Antall sider: 158
Sjanger: Ungdomsroman
Å ha ei funksjonshemming kan vere ei stor utfording når ein er ung. Kven vil vel skilje seg ut? For hovudpersonen i «På ein skala frå ein til ti» er det TikTok som vert redninga i ein vanskeleg situasjon.
Det er ikkje berre lett å ha ein kropp. Særleg ikkje når ein er ungdom. Då er det mykje som kan kjennast for stort eller for lite, for tjukt eller for tynt. Det har mykje å seie korleis ein ser ut, og ein skal i alle fall ikkje skilje seg for mykje ut. Om ein då har eit fysisk handikap i tillegg, kan det verte endå meir å tenkje på. Det veit hovudpersonen i Ann Helen Kolås Ingebrigtsen sin nye ungdomsroman alt om. I På ein skala frå ein til ti treffer vi Miriam som snart skal starte på vidaregåande. Men til skilnad frå tvillingsystera Malin og venninnene, tenkjer Miriam ikkje så mykje på akkurat det. Ho er meir oppteken av at ho haltar. Ho er «hesleg og stygg», seier ho sjølv, og lurer på om nokon kan elske ho som har eit bein som ikkje ser ut eller fungerer slik friske bein gjer. Tematisk er dette er ein roman som fyller eit tomrom i ungdomslitteraturen. Men boka fungerer likevel ikkje optimalt.
Ikkje ein feel good-roman
Miriam har levd omtrent heile livet med skadar ho fekk etter å ha fått kokande vatn over beina som toåring. På sjukehuset fekk ho blodforgifting, og sidan har ho hatt ein høgrefot som har vore full av arr og aldri fungert særleg godt. Miriam vil helst berre gløyme heile foten, men det er lettare sagt enn gjort. Ho tenkjer på han heile tida. Når ho treffer den pene guten Torjus på ein fest og får det første kysset, vert tankane om foten endå meir forstyrrande. For kva om han får vite korleis ho eigentleg ser ut og at ho har så vondt for å bevege seg? Vil han framleis like ho då? Det er mange ting som kjennest usikre i livet til Miriam, og ho ventar på ein operasjon som kanskje kan gjere foten betre. Men så kjem legane fram til at operasjonen ikkje er til så stor hjelp. I staden må ho amputere! Kva då? Jo, då byrjar ho å dele erfaringane sine på TikTok. Og TikTok er redninga – vi skriv trass alt 2025.
Om ein har ønskt seg ein feel good-roman om det å ha ei funksjonshemming, er ikkje dette den rette boka å lese. Det er kanskje litt i overkant å kalle det ein feel bad-roman, men det er lenge sidan eg har lese ei bok med så mykje grining! Det er ikkje langt imellom kvar gong dei ulike karakterane ikkje «greier å halde tilbake tårene», «får tårer i auga» eller ikkje «får fram anna enn hulking».
Unyanserte karakterar
Det er likevel ingen tvil om at Ingebrigtsen kan skrive for ungdom. Det merkar ein særleg på språk, replikkvekslingar og stilen i boka. Teksten flyt uanstrengt av garde, og forfattaren skriv fram eit univers som vert opplevd som realistisk og truverdig. Ingebrigtsen har allereie skrive to kritikarroste ungdomsromanar, og har nok fått ein viss rutine.
Men det er eit lite mysterium at ho i den nye boka ikkje har klart å skape ein hovudperson og eg-forteljar som er meir nyansert. Vi opplever alt som skjer gjennom Miriam sitt blikk, og når vi følgjer ein karakter så tett, er det naturleg å forvente at vi skal få vere med på ei slags reise; ei utvikling og ein vekst. Men Miriam utviklar seg fint lite gjennom forteljinga. Ho har gjennom det heile eit negativt syn på seg sjølv og den skadde foten. Når eg er halvvegs i boka, byrjar eg å bli litt sliten av alle dei negative tankane hennar. Det er heile tida andre som er dei positive stemmene i livet til Miriam. Sjølv om ho etter kvart opnar seg om amputasjonen og postar innlegg om han på TikTok, så er ho framleis ikkje særleg optimistisk. Den siste positive replikken i boka er det tvillingsystera som har, nett slik ho har hatt gjennom heile boka. Det er er òg litt merkeleg at Miriam ikkje har andre interesser i livet enn sin eigen fot og utsjånad. Ingen draumar eller talent eller noko som gir livet eit innhald – ikkje ein gong ein TV-serie ho likar å sjå.
I tillegg til systera Malin, som heldigvis kjem med ein og annan festleg replikk, får den kjekke guten Torjus vere lyset i Miriam sitt liv. I alle fall ei stund. Då er han berre positiv, og det gjer han til ein ganske flat og einsidig karakter. Men sjølv om den einaste funksjonen han har, er å vere ein kontrast til Miriam, er det lett å ønske at dei to skal få ein fin relasjon. Han verkar jo som ein bra fyr. Når det mot slutten kjem ei vending i Torjus sin karakter, kjem det uventa for lesaren, og dette kunne har vore førebudd betre. I ei elles velskriven og realistisk bok er det underleg at det ikkje har vorte arbeidd meir med karakterane.
Mangfald i litteraturen
Dei siste åra har det vore snakka ein del om mangfald og representasjon i barne- og ungdomslitteraturen. Ein har kanskje særlig vore oppteken av å få fleire forteljingar av og om etniske minoritetar og unge med ulike orienteringar innan kjønn og seksualitet. Her synest eg barne- og ungdomslitteraturen har teke fleire steg framover. Forteljingar og illustrasjonar som viser unge med ulike fysiske handikap, har ikkje teke like mykje plass. Difor kan På ein skala frå ein til ti, som byggjer på forfattaren sine eigne erfaringar, vere ei bok som kan bane veg for fleire nye forteljingar om å vere fysisk annleis. Og utan å ville framstå som ei gamal, akterutsegld dame på over førti år, ser eg fram til forteljingar der det finst andre løysingar på vanskane enn berre å dele historia si i sosiale medium.
