Eit søskenpar å bli glad i

Eit søskenpar å bli glad i

Boktittel: Oskar og eg – Alle tinga vi har

Forfatter: Maria Parr

Illustratør: Åshild Irgens

Forlag: Samlaget

Årstall: 2025

Antall sider: 254

Sjanger: Barneroman

I Maria Parr og Åshild Irgens andre bok om Ida og Oskar blir dei gode kvalitetane frå førsteboka både vidareført og vidareutvikla – og søskenparet etablert som eit nytt radarpar i norsk barnelitteratur.

Då Maria Parr og Åshild Irgens kom med den første boka om syskenparet Ida og Oskar, Ida og Oskar – alle plassane vi er, i 2023, var det stor forventning blant lesarane. Ville den leve opp til klassikarane Vaffelhjarte (2005) og Tonje Glimmerdal (2009)? Boka innfridde langt på veg, og då eg sjølv meldte boka for Barnebokkritikk, trekte eg fram Parrs imponerande evne til å skape stor litteratur av kvardagslege episodar – utan å trenge nokon overordna konflikt for å drive handlinga framover.

Illustrasjon av Ida og Oskar som les bok, med dinosaur, eple, lego og sokk attmed seg.

I den andre boka om Ida og Oskar, med undertittelen Alle tinga vi har, får vi meir av det same – men i den beste tydinga av uttrykket. Boka er inndelt i tolv kapittel som kvar er ei historie i seg sjølv – perfekte til ein litt lengre høgtlesingsøkt. Som førsteboka, er Alle tinga vi har rikt illustrert av Åshild Irgens, med små og større illustrasjonar på kvart einaste oppslag, og i like stor grad som teksten er det desse som byggjer opp universet til Ida og Oskar. Dei tilfører humor – som i illustrasjonen av andletsuttrykket til mamma då Oskar bles 17. mai-trompeten sin rett inn i øyret hennar – dei gjer karakterane levande og uttrykksfulle, og dei bidreg med små detaljar som lesarane sjølv kan finne og som utdjupar lesaropplevinga.

Illustrasjon av Ida og Oskar i trappa, der dei et is.

Frå plassar til ting

Der historiene i Alle plassane vi er var sentrerte rundt dei hemmelege og magiske plassane Oskar og Ida ferdast, er det i andreboka ting som står i sentrum – frå favorittdinosauren til Oskar (perfekt for å trekkje ut kjekspakkar på høge hyllar) til medaljongen Ida finn på loftet til farmor og farfar (heilt sikkert magisk). Vestlandsuniverset er befriande fritt for gaming og mobiltelefonar, men blir likevel forankra i vår tid gjennom innslag av nettbrett og populærkulturelle og litterære referansar – mellom anna til Nicolai Houm og Rune Markhus’ nydelege bildebok Når alle sover (Gyldendal, 2011). Ei idealverd, kunne ein kanskje seie – men samstundes er foreldra til Ida og Oskar langt frå perfekte. Her flyt det av rot i stua, blir vaska litt for sjeldan, og ferien blir alltid planlagt i aller siste lita, utan at det eigentleg gjer så mykje så lenge alle er glade i kvarandre, og det er dei i familien til Oskar og Ida.

Illustrasjon av familien på fisketur i båt, eit kaos med måkar, fiskestenger og slukar.

Ferie, kvardag og sorg

Oskar og eg – Alle tinga vi har fortset omtrent der førsteboka sleppte, og følgjer Ida og Oskar frå februar til september – gjennom høgtider som påske og 17. mai, sommarferie hos farmor og farfar og på biltur til Sverige, samt gjennom Idas ti-årsdag. Ja, og så i den heilt vanlege kvardagen, då. Då påsken kjem har det gått eitt år sidan onkel Øyvind døydde – eit sentralt motiv i den første boka om søskenparet – men saknet etter han har ikkje forsvunne. For nett då Ida liksom har slått seg til ro med at han ikkje er her lenger, kjem Oskar heim frå skulen, fortel om Jesus som stod opp frå grava, og spør om ikkje det same kan kome til å skje med onkel Øyvind:

«Oskar skulle ikkje sagt det der med grava. No dreiv tankane mine på heilt av seg sjølv og tenkte på korleis det hadde vore viss onkel Øyvind plutseleg var her igjen. Og det var så umogleg at det gjorde vondt inni brystet. Det hadde vore betre å aldri ha tenkt det!»

Spørsmålet triggar både vonde og viktige refleksjonar hos Ida, og opnar for ei utforsking av kva døden eigentleg inneber for dei som blir igjen når såret ikkje er like ferskt lenger – både for Ida sjølv, for mora og for onkel Bulle. For korleis er det eigentleg for mora til Oskar og Ida å ikkje ha nokon bror lenger? Kan Ida også kome til å miste Oskar når dei blir vaksne? Og kva med onkel Bulle, som må leve vidare i det store huset der plantane har byrja å visne, og som ikkje har orka å opne døra til malerommet til onkel Øyvind i heile den lange tida han har vore borte? Akkurat det kan Ida og Oskar heldigvis hjelpe til med, i ein nydeleg scene der dei fyller huset hans med heimemåla påskesteinar og pustar liv att inn i det forlatne malerommet.

Illustrasjon av born som dyrkar ting i marka.

Å vere stor og liten på ein gong

Det er likevel ikkje tapet av onkel Øyvind handlinga krinsar rundt i andreboka om Ida og Oskar. Alle tinga vi har handlar først og fremst om det å bli større – om å gå frå å vere barnsleg og skamlaus til å byrje å uroe seg for å skilje seg ut og for kva alle andre tenkjer. For det er flaut å vere storesystera til Oskar no som han går på skulen, og nokre gongar skulle Ida ønskje at ho kunne sleppe alle blikka som blir retta mot ho når Oskar får raseriutbrot eller når han berre mosar på utan å tenkje over kven som ser på eller kva folk synest. Konflikten mellom å ville vere liten og å vere stor, usynleg og synleg, blir godt skildra allereie i det første kapittelet av boka, då Ida, Oskar og Naja-Mai lagar spa for klassebamsen Boms, men Ida feigar ut i siste lita og ikkje fortel om det på skulen. Både episoden i seg sjølv og den etterfølgjande illustrasjonen av Ida og Naja-Mai som står ved sidan av kvarandre i skulegarden etterpå, stirande usikkert framfor seg, fangar på presist vis den ambivalensen som kjenneteiknar nettopp denne perioden av barndomen.

Illustrasjon av skule-elefant Boms som blir bada, under spa-opphald.

Søskenkjærleik og søskenkrangling

Søskenkjærleiken mellom Oskar og Ida blir både utfordra og bekrefta i Alle tinga vi har, og sjølv tanken om at det ville vore best om Oskar var litt rolegare blir sett på prøve. For sjølv om Ida er flau over veslebroren, hender det også at ho skulle ønskje ho var litt meir som Oskar sjølv – at ho også kunne velje seg det einhjørningspennalet ho eigentleg har lyst på, og ikkje eit keisamt pølseskinnspennal berre fordi det er det alle dei andre har. Eller at ho ikkje var redd for dei store barna på leikeplassen i Sverige, men berre kunne springe av garde på eiga hand slik som Oskar. For ofte går ting betre enn ein trur, og plutseleg har ein fått seg ein svensk brevvenn som sender bursdagskort i posten. Og når det trengst, stiller Ida opp for veslebroren – for søskenkjærleiken er sjølvsagt sterkast når det kjem til stykket.  

Med Oskar og eg – Alle tinga vi har blir Ida og Oskar stadfesta som eit nytt radarpar i norsk barnelitteratur – på linje med Trille og Lena frå Vaffelhjarte eller Billie og Bo frå Kristine Rui Slettebakkens Billie og Bo-serie. For trufaste Parr-lesarar finst det til og med eit lite «easter egg» å leite fram i andreboka om Ida og Oskar, når ein kjent Parr-karakter dukkar opp i klatretårnet på leikeplassen i Sverige – utan at eg skal røpe meir enn det.

Ingrid Senje

Født 1987. Bosatt i Milano. Master i nordisk litteratur fra Universitetet i Oslo. Årsstudium i skapande skriving ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og nettstudium i samtidslitteratur for barn og unge ved Norsk barnebokinstitutt. Frilans anmelder, språkvasker og manuskonsulent.