Her finst drakar!

Her finst drakar!
Cover image

Dragens øye 1: Forrådt
Av Cha Sandmæl (forfattar og teiknar)
Egmont 2021
143 sider
Fantasy


Cover image

Dragens øye 2: Angrepet
Av Cha Sandmæl (forfattar og teiknar)
Egmont 2022
144 sider
Fantasy


Cover image

Dragens øye 3: Fanget
Av Cha Sandmæl (forfattar og teiknar)
Egmont 2023
144 sider
Fantasy


Cover image

Dragens øye 4: Såret
Av Cha Sandmæl (forfattar og teiknar)
Egmont 2023
136 sider
Fantasy


Cover image

Dragens øye 5: Knust
Av Cha Sandmæl (forfattar og teiknar)
Egmont 2024
140 sider
Fantasy


Cover image

Dragens øye 6: Beseiret
Av Cha Sandmæl (forfattar og teiknar)
Bonnier/TNT 2025
144 sider
Fantasy


Cha Sandmæls episke fantasyserie byr på eventyr, spaning og store kjensler. Og drakar. Mange drakar.

I podkasten Aftenpodden etterlyste nyleg Trine Eilertsen fleire drakar i norsk litteratur for barn og ungdom. Gutar på 12 år, seier ho, drit i å lese om sine eigne liv, dei vil ha noko fantastisk. No var Eilertsen strengt tatt ute etter romanar og ikkje det ho kallar «lette teikneseriar», men om drakar kan fungere som ei motgift mot at leselysta sloknar, treng ein ikkje leite lenge. Cha Sandmæls Dragens øye, som i haust kom ut med sitt sjette og siste band, er ein episk fantasyserie som samla er på over 700 sider. Bøkene er fulle av drakar og alvar som tilfredsstiller behovet for reinspikka eskapisme, samtidig som verda, i underteksten, kan bli lesen som ein metafor for målgruppa sine (pre)pubertale tankar og kjensler.

Frå Dragens øye 1: Forrådt

Lagnadsfellesskap

Bøkene handlar om askealven Kha’Nel (!) som er etla til å bli familien sitt overhovud, men blir forrådt av kusina si, Lyra. Ho stel magien hans, og stakkars Kha må flykte til overflata. Der møter hen Ranja, som også lid under ein tung lagnad: Ho er eigentleg ein drakedrepar som har blitt forbanna av ei heks slik at ho kvar morgon blir forvandla til ein stor, raud drake. Saman prøver dei å overleve trugsmålet frå Lyra, som på oppdrag frå mor si er fast bestemt på å fjerne alle spor etter bedraget i underverda. Samtidig prøver dei å finne den vidgjetne gullkransen som kanskje kan oppheve Ranjas forbanning.

Det som i utgangspunktet verkar som ein litt enkel intrige, veks i omfang gjennom bøkene. Gjennom bøkene blir lesaren introdusert for eit stadig veksande rollegalleri og ei gradvis større verd. Ulike fraksjonar, som drakedreparar, forskjellige typar alvar, hekser og hemmelege drakesamfunn, bidreg til at bøkene blir meir interessante og ikkje berre består av sekvensar der Lyra freistar å drepe Kha og Ranja. I den siste boka kolliderer dei alle i ei handlingsmetta og actionfylt avslutting som på ein tilfredsstillande måte bind saman trådane som er lagt ut gjennom forteljinga.

Frå Dragens øye 2: Angrepet

Då hen møtte henne

Under alle dei kule drakane, sverdkampane og magien, ligg også ei kjærleikshistorie. Forholdet mellom Kha, den første ikkje-binære hovudpersonen i ein norsk teikneserie, og Ranja er vakkert skildra. Kontrastane mellom den vesle askealven og den muskuløse Ranja som også (ikkje gløym det!) manifesterer seg som ein drake kvar gong sola står opp, er mildt sagt store, men forholdet deira er likevel truverdig skildra.

Det blir ikkje gjort noko stort nummer ut av at Kha er ikkje-binær, nesten ikkje i det heile. Hen er berre hen, og ingen i Sandmæls univers ser ut til å hefte seg ved det. Det er heller inga problematisering av at Ranjas bror, drakedreparen Bjarki, er homofil, eller for den saks skuld at ein askealv og ein drakeperson utviklar romantiske kjensler.

At det ikkje finst noko påtrengande ved desse karaktertrekka talar til bøkene sin fordel. Mangfaldet er heilt naturleg, noko som gjer verda, sjølv om ho også inneheld vondskap og mørker, til ein raus og open stad. Så kan ein meir mogen lesar heller tolke seg fram til korleis Ranjas kroppslege dualitet, bror hennar sin manglande aksept for dette og byfolket sin drakeframandfrykt speler på dei same strengane.

Frå Dragens øye 3: Fanget

Folkefantasy

Dragens øye føregår i eit ganske typisk fantasyunivers som både er inspirert av norsk folkedikting og rollespelet Dungeons & Dragons. Sandmæl veltar seg i kjende tropar og figurar frå desse verdene, noko som på overflata kan verke litt klisjéfylt. Ein har sannsynlegvis lese og sett liknande karakterar og mellomalderaktige univers før. Likevel er det visuelle og forteljartekniske gjennomført med respekt og kjærleik for sjangeren, og noka fornying er det trass alt. Mangfaldet er ein ting, ein annan er korleis karakterane snakkar radikalt bokmål. Det gjer dialogen mindre oppstylta enn han ofte kan vere i fantasy. Å blande folkedikting og fantasy verkar også heilt naturleg, noko lesarar av annan nordisk manga, som til dømes av Malin Falchs Nordlys, veit godt.

Frå Dragens øye 4: Såret

Tydeleg utvikling

Å lese bøkene samanhengande tydeleggjer utviklinga Sandmæl har gått gjennom dei siste fem åra. Der den første boka er tynga av mykje verbalspråkleg eksposisjon, sider med mange og tette ruter, og bakgrunnar som verkar litt tomme, er den siste boka tydeleg laga av ein meir røynd serieskapar. Den visuelle utforminga er meir open, og Sandmæl verkar meir trygg på å la bileta tale for seg sjølve. Også ruteoppsettet og fargepaletten har endra seg til det betre. Der dei første bøkene har eit noko flatt og statisk uttrykk, er dei seinare bøkene prega av større nyansar i fargar og skuggelegging, og ein meir dynamisk og saumlaus rutestruktur.

Det er særleg i karakterportretta at Sandmæl skin. Dei står ofte i kontrast til bakgrunnane som vekslar mellom maleriske naturportrett og tomme rom og grotter. På den måten er fokuset heile tida på karakterane, særleg andleta deira, som er svært uttrykksfulle. Mykje av ikonografien er også henta frå manga, som til dømes store auge med overdrivne store tårer.

Frå dragens øye 5: Knust

Hic sunt dracones

Dragens øye er ikkje ein perfekt bokserie. Forteljinga består av fleire element ein heilt sikkert har møtt før, nokre konfliktar blir løyst ved nærmast guddommeleg inngripen, og hovudkonflikten kunne vore meir engasjerande.

For unge lesarar som vil ha eit spanande eventyr er det likevel ingen grunn til å la serien liggje. Her er meir enn nok action, store kjensler og episke element, og drakane er flotte. Mangfaldsdimensjonen gjer også at boka skil seg frå andre tekstar i same sjanger. I tillegg er bøkene fulle av fantasytropar som det rituelle eventyret, utforsking av identitet, dugleikar som vaknar, og kamp mot indre monster; alt saman metaforar for kva den 10-12-årige lesaren sannsynlegvis balar med.

På kart frå mellomalderen kan ein finne illustrasjonar av drakar ved uoppdaga og farlege område: «Hic sunt dracones». I vår tid kan denne åtvaringa ha ein motsett funksjon: Kom og les! Her finst drakar! 

Frå Dragens øye 6: Beseiret

Asle Sætre

Fødd 1978. Om lag 20 års erfaring som norsklærar på vidaregåande. Jobbar på Fyllingsdalen videregående skole og er teikneseriemeldar for Barnebokkritikk og Serienett. Master i nordisk/litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen med fokus på sjølvbiografiske teikneseriar.